7 Då reiste Abraham seg og bøygde seg for hetittane, folket i landet.
8 Han sa til dei: «Er det dykkar vilje at eg ber ut henne som er død, og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hos Efron, son til Sohar,
9 så han lèt meg få Makpela-hòla, som høyrer han til og ligg i utkanten av marka hans. Han skal få full pris om han lèt meg kjøpa jordstykket til gravstad hos dykk.»
10 No sat Efron der mellom hetittane, og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten:
11 «Nei, herre, høyr på meg! Eg gjev deg marka, og hòla som er der, gjev eg deg òg. For auga på folket mitt lèt eg deg få det. Gravlegg du den døde!»
12 Då bøygde Abraham seg for folket i landet
13 og sa til Efron så folket høyrde det: «Berre du ville høyra på meg! Ta imot pengane eg vil gje deg for marka! Så kan eg gravleggja den døde der.»