1 Abraham var no gammal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han på alle vis.
2 Då sa Abraham til den eldste tenaren i huset, han som styrte over alt han eigde: «Legg handa di i fanget mitt,
3 så vil eg ta deg i eid ved Herren, Gud over himmel og jord, på at du ikkje skal ta ei kone til son min blant døtrene til kanaanearane som bur omkring meg,
4 men at du skal dra til mitt land og mi slekt og henta ei kone til Isak, son min.»
5 Tenaren sa til han: «Kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg hit til dette landet. Skal eg då ta son din med tilbake til det landet som du drog ut frå?»
6 Abraham svara: «Pass på at du aldri fører son min dit att!
7 Herren, Gud i himmelen, tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, og han tala til meg og svor på å gje ætta mi dette landet. Han skal senda sin engel framfor deg så du kan henta ei kone til son min der.