14 Lat det gå slik at når eg seier til ei jente: Rekk meg krukka di så eg kan drikka, og ho svarar: Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka, då er det henne du har valt ut for tenaren din, Isak. På det skal eg skjøna at du har vore god mot herren min.»
15 Og sjå, før han var ferdig med å be, kom Rebekka, dotter til Betuel, son til Milka, som var gift med Nahor, bror til Abraham. Ho kom ut med krukka si på aksla.
16 Jenta var overlag vakker, ei jomfru som ingen mann hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda, fylte krukka og kom opp att.
17 Då sprang tenaren imot henne og sa: «Lat meg få drikka litt vatn frå krukka di!»
18 Ho svara: «Drikk, herre!» Straks lyfte ho krukka ned på armen og gav han å drikka.
19 Ho lét han drikka ferdig, og så sa ho: «Eg vil dra opp vatn til kamelane dine òg, heilt til dei har drukke seg utørste.»
20 Ho skunda seg og tømde krukka i vasstrauet. Så sprang ho bort til brønnen for å dra opp vatn. Og ho drog opp vatn til alle kamelane hans.