18 Ho svara: «Drikk, herre!» Straks lyfte ho krukka ned på armen og gav han å drikka.
19 Ho lét han drikka ferdig, og så sa ho: «Eg vil dra opp vatn til kamelane dine òg, heilt til dei har drukke seg utørste.»
20 Ho skunda seg og tømde krukka i vasstrauet. Så sprang ho bort til brønnen for å dra opp vatn. Og ho drog opp vatn til alle kamelane hans.
21 Mannen såg på henne utan å seia noko. No skulle han få vita om Herren hadde late reisa hans lukkast eller ikkje.
22 Då kamelane var ferdige med å drikka, tok mannen fram ein gullring til henne, han vog ein halv sjekel, og to armband av gull, dei vog ti sjekel.
23 Så sa han: «Fortel meg no kven du er dotter til! Er det husrom hos far din, så vi kan overnatta der?»
24 Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Milka og Nahor.