28 Jenta sprang heim og fortalde familien til mor si kva som hadde hendt.
29 Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen ved kjelda.
30 Då han såg ringen og armbanda på hendene til systera og høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, drog han ut til mannen, som framleis stod hos kamelane ved kjelda.
31 Laban sa: «Kom, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har gjort huset i stand og gjort plass for kamelane.»
32 Då kom mannen inn i huset og leste av kamelane. Han fekk halm og fôr til dyra, og vatn så han og dei som var med han, kunne vaska føtene.
33 Men då dei sette fram mat til han, sa han: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har sagt det eg har å seia.» «Fortel!» svara dei.
34 Då sa han: Eg er tenaren til Abraham.