33 Men då dei sette fram mat til han, sa han: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har sagt det eg har å seia.» «Fortel!» svara dei.
34 Då sa han: Eg er tenaren til Abraham.
35 Herren har velsigna min herre rikt, så han har vorte ein stor mann. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, slavar og slavekvinner, kamelar og esel.
36 Og Sara, kona til herren min, har fødd han ein son på sine gamle dagar. Han har gjeve sonen alt han eig.
37 No har herren min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje ta ei kone til son min blant døtrene til kanaanearane i landet der eg bur.
38 Men du skal dra til farshuset mitt og slekta mi og henta ei kone til son min.»
39 Då sa eg til herren min: «Men kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg?»