40 Han svara: «For Herrens andlet har eg levd. Han skal senda sin engel saman med deg og la reisa di lukkast, så du kan henta ei kone til son min frå slekta mi og farshuset mitt.
41 Men du skal vera løyst frå eiden til meg dersom du kjem til slekta mi og dei ikkje vil gje henne til deg. Då er du løyst frå eiden.»
42 I dag, då eg kom til kjelda, sa eg: «Herre, du som er Gud for Abraham, herren min, lat denne reisa mi lukkast!
43 Sjå, her står eg ved vasskjelda. Lat det gå slik at når det kjem ei ung jente ut for å dra opp vatn, og eg seier til henne: Lat meg få drikka litt vatn av krukka di!
44 og ho svarar: Berre drikk, du, og eg skal dra opp vatn til kamelane dine òg, då er ho den kvinna som Herren har valt ut for son til herren min.»
45 Og sjå, før eg var ferdig med å be i hjartet mitt, kom Rebekka med krukka på aksla. Ho gjekk ned til kjelda og drog opp vatn. Då sa eg til henne: «Lat meg få drikka!»
46 Straks lyfte ho krukka ned og sa: «Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka.» Eg drakk, og ho gav òg kamelane å drikka.