46 Straks lyfte ho krukka ned og sa: «Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka.» Eg drakk, og ho gav òg kamelane å drikka.
47 «Kven er du dotter til?» spurde eg henne. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nahor og Milka.» Då sette eg ringen i nasen hennar og la armbanda om handledda.
48 Så bøygde eg meg til jorda og tilbad Herren. Eg velsigna Herren, som er Gud for Abraham, herren min. For han hadde ført meg på rett veg, så eg kunne ta ei jente av slekta etter bror til herren min som kone for son hans.
49 Vil de no vera gode og trufaste mot herren min, så fortel meg det! Og vil de ikkje, så fortel meg det òg, så eg kan vita om vegen går til høgre eller til venstre.
50 Då svara Laban og Betuel: «Dette kjem frå Herren. Vi kan ingenting seia, anten for eller mot.
51 Sjå, her står Rebekka framfor deg. Ta henne med! Ho skal bli kone for son til herren din, slik Herren har sagt!»
52 Då tenaren til Abraham høyrde det, bøygde han seg til jorda for Herren.