53 Så tok han fram klede og smykke av sølv og gull og gav Rebekka. Han hadde òg kostelege gåver til broren og mora.
54 Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der natta over.Då dei stod opp neste morgon, sa han: «Lat meg få dra tilbake til herren min!»
55 Men broren og mor hennar sa: «Lat jenta vera hos oss ei tid, ti dagar eller så! Deretter kan du dra.»
56 Då svara han: «Hald meg ikkje tilbake no når Herren har late reisa mi lukkast! Lat meg få dra heim til herren min!»
57 Dei sa: «Lat oss ropa på jenta og spørja henne sjølv.»
58 Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du reisa med denne mannen?» Ho svara: «Ja, eg vil reisa.»
59 Så sende dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar av stad saman med tenaren til Abraham og mennene hans.