54 Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der natta over.Då dei stod opp neste morgon, sa han: «Lat meg få dra tilbake til herren min!»
55 Men broren og mor hennar sa: «Lat jenta vera hos oss ei tid, ti dagar eller så! Deretter kan du dra.»
56 Då svara han: «Hald meg ikkje tilbake no når Herren har late reisa mi lukkast! Lat meg få dra heim til herren min!»
57 Dei sa: «Lat oss ropa på jenta og spørja henne sjølv.»
58 Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du reisa med denne mannen?» Ho svara: «Ja, eg vil reisa.»
59 Så sende dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar av stad saman med tenaren til Abraham og mennene hans.
60 Dei velsigna Rebekka og sa til henne:«Måtte du, vår syster,bli til tusen gonger ti tusen!Måtte di ætt tafiendens portar!»