57 Dei sa: «Lat oss ropa på jenta og spørja henne sjølv.»
58 Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du reisa med denne mannen?» Ho svara: «Ja, eg vil reisa.»
59 Så sende dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar av stad saman med tenaren til Abraham og mennene hans.
60 Dei velsigna Rebekka og sa til henne:«Måtte du, vår syster,bli til tusen gonger ti tusen!Måtte di ætt tafiendens portar!»
61 Så steig Rebekka og tenestejentene hennar opp på kamelane og følgde tenaren. Han tok Rebekka med seg og drog i veg.
62 Isak, som heldt til i Negev, kom no frå Lahai-Ro'i-brønnen.
63 I kveldinga tok han seg ein tur ut på marka. Han såg opp, og der fekk han sjå nokre kamelar som nærma seg.