62 Isak, som heldt til i Negev, kom no frå Lahai-Ro'i-brønnen.
63 I kveldinga tok han seg ein tur ut på marka. Han såg opp, og der fekk han sjå nokre kamelar som nærma seg.
64 Då Rebekka såg opp og fekk auge på Isak, steig ho snøgt ned frå kamelen.
65 Ho spurde tenaren: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Tenaren svara: «Det er herren min.» Då tok ho sløret og dekte seg til.
66 Tenaren fortalde no Isak alt det han hadde gjort.
67 Så førte Isak Rebekka inn i teltet som Sara, mor hans, hadde eigd. Han tok Rebekka til kone, og han elska henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mora.