8 Men vil ikkje kvinna følgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Ta berre ikkje son min tilbake dit!»
9 Då la tenaren handa si i fanget til Abraham, herren sin, og lova han dette med eid.
10 Så tok tenaren ti av kamelane til herren sin og drog av stad med alle slag kostelege saker. Han gav seg i veg til aramearlandet mellom elvane, til byen der Nahor budde.
11 Han lét kamelane leggja seg ned ved ein brønn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tida kvinnene plar gå ut for å henta vatn.
12 Så sa han: «Herre, du som er Gud for Abraham, herren min, lat det lukkast for meg i dag, og syn at du er god mot Abraham, herren min!
13 Sjå, her står eg ved vasskjelda medan døtrene frå byen kjem for å dra opp vatn.
14 Lat det gå slik at når eg seier til ei jente: Rekk meg krukka di så eg kan drikka, og ho svarar: Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka, då er det henne du har valt ut for tenaren din, Isak. På det skal eg skjøna at du har vore god mot herren min.»