1 Abraham tok seg på nytt ei kone; ho heitte Ketura.
2 Ho fødde han Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah.
3 Joksjan fekk Saba og Dedan, og sønene til Dedan var asjurarane, letusjarane og le'ummarane.
4 Sønene til Midjan var Efa, Efer, Henok, Abida og Eldaa. Alle desse var etterkomarar av Ketura.
5 Abraham gav alt det han eigde, til Isak.
6 Han gav gåver til sønene han hadde med følgjekonene sine. Og medan han enno levde, sende han dei bort frå Isak, son sin, til eit land i aust.