12 Dette er slektshistoria til Ismael, son til Abraham, som Hagar frå Egypt, slavekvinna til Sara, fødde han.
13 Dette er namna på sønene til Ismael, namna som er i slektshistoria deira: Nebajot, den førstefødde hos Ismael, Kedar, Adbeel, Mibsam,
14 Misjma, Duma og Massa,
15 Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma.
16 Dette var sønene til Ismael; dette er namna deira der dei bur i landsbyane og leirane sine, tolv hovdingar, kvar for sin klan.
17 Ismael vart 137 år gammal. Så anda han ut: han døydde og vart sameina med folket sitt.
18 Ismaelittane busette seg frå Havila til Sjur, som ligg austafor Egypt i retning Assur. Dei slo seg ned midt imot alle brørne sine.