16 Dette var sønene til Ismael; dette er namna deira der dei bur i landsbyane og leirane sine, tolv hovdingar, kvar for sin klan.
17 Ismael vart 137 år gammal. Så anda han ut: han døydde og vart sameina med folket sitt.
18 Ismaelittane busette seg frå Havila til Sjur, som ligg austafor Egypt i retning Assur. Dei slo seg ned midt imot alle brørne sine.
19 Dette er slektshistoria til Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak.
20 Isak var førti år gammal då han tok Rebekka til kone. Ho var dotter til aramearen Betuel frå Paddan-Aram og syster til aramearen Laban.
21 Isak bad til Herren for kona si, for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn.
22 Men då borna slost med kvarandre inne i henne, sa ho: «Kvifor hender det meg noko slikt?» Og ho gjekk for å spørja Herren til råds.