22 Men då borna slost med kvarandre inne i henne, sa ho: «Kvifor hender det meg noko slikt?» Og ho gjekk for å spørja Herren til råds.
23 Herren sa til henne:«To folkeslag er i morslivet ditt,to folk skal skiljast før dei blir fødde.Det eine blir sterkare enn det andre,den eldste skal tena den yngste.»
24 Då tida kom at ho skulle føda, var det tvillingar i morslivet hennar.
25 Den første som kom, var raud og lòden som ein fell over heile kroppen. Dei kalla han Esau.
26 Så kom broren; han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gammal då dei vart fødde.
27 Gutane voks opp, og Esau vart ein dugande jeger, ein mann som heldt til ute på marka. Jakob vart ein roleg mann som heldt seg ved telta.
28 Isak elska Esau, for Isak åt gjerne kjøt av vilt; men Rebekka elska Jakob.