24 Då tida kom at ho skulle føda, var det tvillingar i morslivet hennar.
25 Den første som kom, var raud og lòden som ein fell over heile kroppen. Dei kalla han Esau.
26 Så kom broren; han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gammal då dei vart fødde.
27 Gutane voks opp, og Esau vart ein dugande jeger, ein mann som heldt til ute på marka. Jakob vart ein roleg mann som heldt seg ved telta.
28 Isak elska Esau, for Isak åt gjerne kjøt av vilt; men Rebekka elska Jakob.
29 Ein gong Jakob heldt på å koka suppe, kom Esau heim frå marka. Han var sliten.
30 Esau sa til Jakob: «Skund deg, gjev meg noko å eta av det raude, det raude du har der, for eg er sliten!» Difor kalla dei han Edom.