31 Men Jakob sa: «Først må du selja meg førstefødselsretten din!»
32 Esau svara: «Sjå, eg held på å døy! Kva skal eg med førstefødselsretten?»
33 «Sver på det først!» sa Jakob. Så svor han og selde førstefødselsretten sin til Jakob.
34 Då gav Jakob han brød og linsesuppe. Han åt og drakk, reiste seg og gjekk. Slik viste Esau forakt for førstefødselsretten.