11 Så gav Abimelek heile folket dette påbodet: «Den som rører denne mannen eller kona hans, skal døy.»
12 Isak sådde korn der i landet, og det året fekk han hundre gonger det han hadde sådd. Herren velsigna han
13 så han vart rik. Han vart meir og meir velståande, og til slutt var han svært rik.
14 Han eigde småfe og storfe og så mange slavar at filistrane vart misunnelege på han.
15 Alle brønnane som slavane til far hans hadde grave medan Abraham levde, tetta filistrane og fylte med jord.
16 Då sa Abimelek til Isak: «Dra bort frå oss! Du har vorte altfor mektig for oss.»
17 Så flytte Isak derifrå og slo leir i Gerar-dalen. Der vart han buande.