30 Så heldt han eit festmåltid for dei, og dei åt og drakk.
31 Morgonen etter stod dei tidleg opp og svor kvarandre ein eid. Så tok Isak farvel med dei, og dei drog bort i fred.
32 Same dagen kom slavane og fortalde Isak om brønnen dei hadde grave. «Vi har funne vatn!» sa dei.
33 Han kalla brønnen Sjiba. Difor heiter byen Beer-Sjeba den dag i dag.
34 Då Esau var førti år gammal, tok han Judit, dotter til hetitten Beeri, og Basmat, dotter til hetitten Elon, til koner.
35 Dei vart til sorg for Isak og Rebekka.