31 Morgonen etter stod dei tidleg opp og svor kvarandre ein eid. Så tok Isak farvel med dei, og dei drog bort i fred.
32 Same dagen kom slavane og fortalde Isak om brønnen dei hadde grave. «Vi har funne vatn!» sa dei.
33 Han kalla brønnen Sjiba. Difor heiter byen Beer-Sjeba den dag i dag.
34 Då Esau var førti år gammal, tok han Judit, dotter til hetitten Beeri, og Basmat, dotter til hetitten Elon, til koner.
35 Dei vart til sorg for Isak og Rebekka.