4 Eg skal gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen. Alle desse landa skal eg gje til ætta di. Og ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg,
5 fordi Abraham høyrde på meg og heldt seg til det eg har fastsett, mine bod, forskrifter og lover.»
6 Så vart Isak buande i Gerar.
7 Då mennene på staden spurde han ut om kona hans, sa han: «Ho er syster mi.» Han torde ikkje seia «kona mi», fordi han var redd dei skulle slå han i hel på grunn av Rebekka. For ho var overlag vakker.
8 Då han hadde vore der ei tid, hende det at Abimelek, filistarkongen, såg ut gjennom vindauga og fekk sjå at Isak kjærteikna Rebekka, kona si.
9 Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne mista livet på grunn av henne.»
10 Då sa Abimelek: «Kva har du gjort mot oss? Ein eller annan av folket kunne fort ha lege med kona di og ført skuld over oss!»