9 Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne mista livet på grunn av henne.»
10 Då sa Abimelek: «Kva har du gjort mot oss? Ein eller annan av folket kunne fort ha lege med kona di og ført skuld over oss!»
11 Så gav Abimelek heile folket dette påbodet: «Den som rører denne mannen eller kona hans, skal døy.»
12 Isak sådde korn der i landet, og det året fekk han hundre gonger det han hadde sådd. Herren velsigna han
13 så han vart rik. Han vart meir og meir velståande, og til slutt var han svært rik.
14 Han eigde småfe og storfe og så mange slavar at filistrane vart misunnelege på han.
15 Alle brønnane som slavane til far hans hadde grave medan Abraham levde, tetta filistrane og fylte med jord.