1 Då Isak hadde vorte gammal og auga hans var for matte til å kunna sjå, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Son min!» Han svara: «Ja, her er eg.»
2 Så sa han: «Sjå, eg har vorte gammal og veit ikkje når eg kjem til å døy.
3 Ta no jaktutstyret ditt, pilkoggeret og bogen. Gå ut i marka og skyt noko vilt til meg!
4 Lag nokre velsmakande retter, noko eg likar godt! Kom hit med dei og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.»
5 Rebekka lytta medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt som han kunne ta med seg heim.