14 Han gjekk og henta kjea og kom til mor si med dei. Ho laga nokre velsmakande retter, slike som faren lika godt.
15 Rebekka fann fram dei beste kleda til Esau, eldste sonen – dei låg i huset hennar – og kledde opp Jakob, yngste sonen, i dei.
16 Skinna av kjea la ho om hendene og den glatte nakken hans.
17 Så gav ho Jakob, son sin, dei velsmakande rettene og brødet som ho hadde laga til.
18 Han gjekk inn til far sin og sa: «Far!» «Ja, son min», sa han, «kven er du?»
19 Då sa Jakob til faren: «Eg er Esau, din førstefødde son. Eg har gjort det du sa til meg. Set deg no opp og et av viltet mitt, så du kan velsigna meg!»
20 Isak sa til sonen: «Korleis kunne du finna noko så snøgt, son min?» Han svara: «Herren din Gud lét det springa rett imot meg.»