17 Så gav ho Jakob, son sin, dei velsmakande rettene og brødet som ho hadde laga til.
18 Han gjekk inn til far sin og sa: «Far!» «Ja, son min», sa han, «kven er du?»
19 Då sa Jakob til faren: «Eg er Esau, din førstefødde son. Eg har gjort det du sa til meg. Set deg no opp og et av viltet mitt, så du kan velsigna meg!»
20 Isak sa til sonen: «Korleis kunne du finna noko så snøgt, son min?» Han svara: «Herren din Gud lét det springa rett imot meg.»
21 Då sa Isak til Jakob: «Kom hit, son min, så eg kan få kjenna på deg om du er Esau, son min, eller ikkje!»
22 Jakob gjekk bort til far sin så han fekk kjenna på han, og Isak sa: «Det er røysta hans Jakob, men hendene hans Esau.»
23 Isak kjende han ikkje att, for hendene hans var lodne som hendene til Esau, bror hans. Og han velsigna han.