23 Isak kjende han ikkje att, for hendene hans var lodne som hendene til Esau, bror hans. Og han velsigna han.
24 Så spurde han: «Er du verkeleg Esau, son min?» Jakob svara: «Ja, det er eg.»
25 Då sa Isak: «Set maten fram for meg. Eg vil eta av viltet til son min så eg kan velsigna deg!» Jakob sette maten fram for han, og han åt. Han kom òg med vin til han, og han drakk.
26 Så sa Isak: «Kom hit og kyss meg, son min!»
27 Han gjekk fram og kyste han. Då kjende faren lukta av kleda hans. Han velsigna han og sa:«Kjenn, lukta av son miner lik lukta av ei engsom Herren har velsigna!
28 Måtte Gud gje deg dogg frå himmelen,fruktbar jordog overmål av korn og ny vin!
29 Folk skal tena deg,folkeslag bøya seg for deg.Ver herre over brørne dine,sønene til mor di skal bøya seg for deg.Forbanna er dei som forbannar deg,velsigna er dei som velsignar deg!»