31 Han òg laga nokre velsmakande retter og bar dei inn til far sin. «Far», sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet som son din kjem med, så du kan velsigna meg!»
32 Isak, far hans, spurde: «Kven er du?» Han svara: «Eg er Esau, den førstefødde son din.»
33 Då byrja Isak å skjelva, han skalv veldig og sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og så velsigna eg han, så no er han velsigna.»
34 Då Esau høyrde kva far hans sa, sette han i eit høgt skrik. Så sa han: «Velsigna meg òg, far!»
35 Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga di.»
36 Då sa Esau: «Er det difor han heiter Jakob? No har han lurt meg to gonger. Han tok førstefødselsretten min, og no har han teke velsigninga mi òg.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?»
37 Isak svara Esau: «No har eg sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til tenarar for han. Eg har sytt for korn og ny vin til han. Kva kan eg då gjera for deg, son min?»