34 Då Esau høyrde kva far hans sa, sette han i eit høgt skrik. Så sa han: «Velsigna meg òg, far!»
35 Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga di.»
36 Då sa Esau: «Er det difor han heiter Jakob? No har han lurt meg to gonger. Han tok førstefødselsretten min, og no har han teke velsigninga mi òg.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?»
37 Isak svara Esau: «No har eg sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til tenarar for han. Eg har sytt for korn og ny vin til han. Kva kan eg då gjera for deg, son min?»
38 «Far, har du berre éi velsigning?» sa Esau. «Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt.
39 Då sa Isak til han:«Sjå, langt borte frå fruktbar jord skal du bu,der inga dogg fell frå himmelen.
40 Av sverd skal du leva,og bror din skal du tena.Men når du riv deg laus,skal du kasta åket hans av nakken.»