38 «Far, har du berre éi velsigning?» sa Esau. «Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt.
39 Då sa Isak til han:«Sjå, langt borte frå fruktbar jord skal du bu,der inga dogg fell frå himmelen.
40 Av sverd skal du leva,og bror din skal du tena.Men når du riv deg laus,skal du kasta åket hans av nakken.»
41 Esau la Jakob for hat på grunn av velsigninga som far hans hadde gjeve han. Og Esau sa i hjartet sitt: «Snart kjem dagane då vi skal sørgja over far min. Då skal eg drepa Jakob, bror min.»
42 Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.
43 Høyr no på meg, son min! Røm straks til Laban, bror min, i Harran!
44 Ver hos han nokre dagar til harmen har gått av bror din,