42 Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.
43 Høyr no på meg, son min! Røm straks til Laban, bror min, i Harran!
44 Ver hos han nokre dagar til harmen har gått av bror din,
45 til vreiden hans har vendt seg frå deg og han har gløymt det du gjorde mot han! Då skal eg senda bod og henta deg derifrå. Kvifor skulle eg mista dykk begge på ein og same dagen?»
46 Rebekka sa til Isak: «Desse hetittkvinnene tek livet av meg. Dersom Jakob tek seg ei slik hetittkvinne til kone, ei kvinne frå dette landet, kva skal eg då leva for?»