6 Då sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau, bror din og sa:
7 Hent noko vilt til meg og lag nokre velsmakande retter så eg kan eta! Så vil eg velsigna deg for Herrens andlet før eg døyr.
8 Høyr no på meg, son min, og gjer som eg seier!
9 Gå bort til småfeet og hent to fine kje, så skal eg laga til nokre velsmakande retter til far din, noko han likar godt.
10 Dei skal du bera inn til far din så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»
11 Då sa Jakob til mor si, Rebekka: «Men Esau, bror min er lòden, medan eg er glatt.
12 Kanskje far min kjenner på meg og finn ut at eg held han for narr, og så fører eg forbanning over meg i staden for velsigning.»