14 Ætta di skal bli som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle slekter på jorda velsignast.
15 Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du enn går, og føra deg tilbake til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.»
16 Då vakna Jakob av søvnen og sa: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!»
17 Han vart redd og sa: «Kor skremmeleg denne staden er! Dette må vera Guds hus, her er porten til himmelen.»
18 Om morgonen stod Jakob tidleg opp. Han tok steinen han hadde hatt under hovudet, og reiste han som ei støtte. Så helte han olje over han.
19 Han kalla staden for Betel. Men tidlegare heitte byen Lus.
20 Så gav Jakob denne lovnaden: «Om Gud er med meg og vernar meg på vegen der eg går, om han gjev meg brød å eta og klede å ha på meg