19 Han kalla staden for Betel. Men tidlegare heitte byen Lus.
20 Så gav Jakob denne lovnaden: «Om Gud er med meg og vernar meg på vegen der eg går, om han gjev meg brød å eta og klede å ha på meg
21 og lèt meg venda attende til farshuset mitt i fred, då skal Herren vera min Gud.
22 Denne steinen, som eg har reist som ei støtte, skal vera Guds hus. Av alt du gjev meg, skal eg gje deg tiend.»