2 Dra straks til Paddan-Aram, til huset åt Betuel, morfar din! Der skal du ta deg ei kone blant døtrene til Laban, morbror din.
3 Måtte Gud, Den veldige, velsigna deg og gjera deg fruktbar og talrik så du blir til ei forsamling av mange folk.
4 Måtte han gje deg og ætta di Abrahams velsigning så du kan ta i eige det landet du bur i som innflyttar, landet som Gud gav Abraham.»
5 Så sende Isak Jakob i veg, og han drog til Paddan-Aram, til aramearen Laban, son til Betuel. Han var bror til Rebekka, mor til Jakob og Esau.
6 Esau skjøna at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Paddan-Aram for å ta seg ei kone der. Han hadde velsigna han og gjeve han denne formaninga: «Du skal ikkje ta deg ei kone blant kvinnene i Kanaan.»
7 Jakob hadde høyrt på far sin og mor si og reist til Paddan-Aram.
8 Då skjøna Esau at Isak, far hans, såg med motvilje på dei kanaaneiske kvinnene.