4 Måtte han gje deg og ætta di Abrahams velsigning så du kan ta i eige det landet du bur i som innflyttar, landet som Gud gav Abraham.»
5 Så sende Isak Jakob i veg, og han drog til Paddan-Aram, til aramearen Laban, son til Betuel. Han var bror til Rebekka, mor til Jakob og Esau.
6 Esau skjøna at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Paddan-Aram for å ta seg ei kone der. Han hadde velsigna han og gjeve han denne formaninga: «Du skal ikkje ta deg ei kone blant kvinnene i Kanaan.»
7 Jakob hadde høyrt på far sin og mor si og reist til Paddan-Aram.
8 Då skjøna Esau at Isak, far hans, såg med motvilje på dei kanaaneiske kvinnene.
9 Han gjekk til Ismael og tok Mahalat til kone ved sida av dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot.
10 Jakob drog frå Beer-Sjeba og tok vegen mot Harran.