6 Esau skjøna at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Paddan-Aram for å ta seg ei kone der. Han hadde velsigna han og gjeve han denne formaninga: «Du skal ikkje ta deg ei kone blant kvinnene i Kanaan.»
7 Jakob hadde høyrt på far sin og mor si og reist til Paddan-Aram.
8 Då skjøna Esau at Isak, far hans, såg med motvilje på dei kanaaneiske kvinnene.
9 Han gjekk til Ismael og tok Mahalat til kone ved sida av dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot.
10 Jakob drog frå Beer-Sjeba og tok vegen mot Harran.
11 Han kom fram til ein stad der han vart verande natta over, for sola hadde gått ned. Han tok ein av steinane på staden og la han under hovudet. Så la han seg til å sova.
12 Då hadde han ein draum: Sjå, ein stige var reist på jorda, og toppen nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar gjekk opp og gjekk ned på han.