8 Då skjøna Esau at Isak, far hans, såg med motvilje på dei kanaaneiske kvinnene.
9 Han gjekk til Ismael og tok Mahalat til kone ved sida av dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot.
10 Jakob drog frå Beer-Sjeba og tok vegen mot Harran.
11 Han kom fram til ein stad der han vart verande natta over, for sola hadde gått ned. Han tok ein av steinane på staden og la han under hovudet. Så la han seg til å sova.
12 Då hadde han ein draum: Sjå, ein stige var reist på jorda, og toppen nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar gjekk opp og gjekk ned på han.
13 Då stod Herren framfor han. Han sa: «Eg er Herren, Gud til far din, Abraham, og Isak. Den jorda du ligg på, vil eg gje til deg og di ætt.
14 Ætta di skal bli som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle slekter på jorda velsignast.