1 Så drog Jakob vidare og kom til landet der folka i aust bur.
2 Då fekk han auge på ein brønn på marka og tre saueflokkar som låg omkring han; for av den brønnen gav dei buskapen vatn. Over opninga låg det ein stor stein.
3 Når alle flokkane var samla der, velte dei steinen bort frå brønnopninga og lét småfeet drikka. Så la dei steinen på plass att.
4 Jakob spurde gjetarane: «Kvar er de frå, brør?» «Vi er frå Harran», sa dei.
5 Så spurde han: «Kjenner de Laban, son til Nahor?» Dei svara: «Ja, han kjenner vi.»
6 «Står det bra til med han?» spurde Jakob. «Ja, det gjer det», svara dei. «Sjå, der kjem Rakel, dotter hans, med småfeet!»
7 Då sa han: «Det er enno høglys dag, det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå med dei på beite!»