27 Lat bryllaupsveka gå til ende, så skal du få den andre òg, mot at du arbeider hos meg i sju år til!»
28 Jakob så gjorde. Han lét bryllaupsveka gå til ende, og Laban gav han dottera Rakel til kone.
29 Laban sette Bilha, slavekvinna si, til å tena hos Rakel.
30 Så gjekk Jakob inn til Rakel òg, og han elska Rakel meir enn Lea. Sidan arbeidde han hos Laban i sju år til.
31 Då Herren såg at Lea ikkje vart elska, opna han morslivet hennar; men Rakel var barnlaus.
32 Lea vart med barn og fødde ein son. Ho kalla han Ruben. «For Herren har sett mi naud», sa ho, «no kjem mannen min til å elska meg.»
33 Ho vart med barn ein gong til og fødde ein son. Då sa ho: «Herren har høyrt at eg ikkje vart elska; no har han gjeve meg denne sonen òg.» Så kalla ho han Simon.