6 «Står det bra til med han?» spurde Jakob. «Ja, det gjer det», svara dei. «Sjå, der kjem Rakel, dotter hans, med småfeet!»
7 Då sa han: «Det er enno høglys dag, det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå med dei på beite!»
8 Dei svara: «Det klarer vi ikkje før alle flokkane er samla, så vi får rulla steinen bort frå brønnen. Då kan vi gje småfeet vatn.»
9 Medan han endå tala med dei, kom Rakel med buskapen til faren, for det var ho som gjette.
10 Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til morbroren Laban, koma med småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen frå brønnopninga og lét småfeet til morbroren få drikka.
11 Så kyste han Rakel og brast i gråt.
12 Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og fortalde dette til far sin.