8 Dei svara: «Det klarer vi ikkje før alle flokkane er samla, så vi får rulla steinen bort frå brønnen. Då kan vi gje småfeet vatn.»
9 Medan han endå tala med dei, kom Rakel med buskapen til faren, for det var ho som gjette.
10 Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til morbroren Laban, koma med småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen frå brønnopninga og lét småfeet til morbroren få drikka.
11 Så kyste han Rakel og brast i gråt.
12 Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og fortalde dette til far sin.
13 Med det same Laban fekk høyra om Jakob, systerson sin, sprang han imot han, slo armane rundt han og kyste han og tok han med seg heim. Og Jakob fortalde han alt det som hadde hendt.
14 Då sa Laban til han: «Du er jo av same bein og kjøt som eg!» Så vart Jakob verande hos han ein månads tid.