1 Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?»
2 Kvinna sa til slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen.
3 Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy.»
4 Då sa slangen til kvinna: «De skal slett ikkje døy!
5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.»
6 No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt.
7 Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet.