10 Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg.»
11 Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»
12 Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.»
13 Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.»
14 Då sa Herren Gud til slangen:«Forbanna er du,utstøytt frå alt fe og alle ville dyrfordi du gjorde dette.På buken skal du krypa,og støv skal du eta alle dine levedagar.
15 Eg vil setja fiendskapmellom deg og kvinna,mellom di ætt og hennar ætt.Han skal råka hovudet ditt,men du skal råka hælen hans.»
16 Til kvinna sa han:«Tungt vil eg gjera ditt strevnår du er med barn,med smerte skal du føda.Etter mannen din skal du trå,og han skal herska over deg.»