19 Med sveitte i andletetskal du eta ditt brød,heilt til du vender attende til jorda,for av henne er du teken.Støv er du,og til støv skal du venda attende.»
20 Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever.
21 Herren Gud laga klede av skinn til mannen og kvinna og kledde dei.
22 Herren Gud sa: «Sjå! Mennesket har vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre òg, så det et og lever evig!»
23 Herren Gud viste mennesket ut frå Edens hage og sette det til å dyrka jorda, som det var teke av.
24 Han dreiv mennesket ut, og aust for Edens hage sette han kjerubane og det flammande sverdet som blir svinga utan stans. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.