8 Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen.
9 Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?»
10 Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg.»
11 Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»
12 Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.»
13 Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.»
14 Då sa Herren Gud til slangen:«Forbanna er du,utstøytt frå alt fe og alle ville dyrfordi du gjorde dette.På buken skal du krypa,og støv skal du eta alle dine levedagar.