1 Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho misunneleg på syster si og sa til Jakob: «Gjev meg barn! Elles døyr eg.»
2 Jakob vart rasande på Rakel og sa: «Er eg i Guds stad? Det er han som har nekta deg livsfrukt.»
3 Då sa ho: «Her er slavekvinna mi, Bilha. Gå inn til henne! Ho kan føda på knea mine, så eg òg kan få barn ved henne.»
4 Så gav ho han Bilha, slavekvinna si, til kone, og Jakob gjekk inn til henne.
5 Bilha vart med barn og fødde Jakob ein son.
6 Då sa Rakel: «Gud har hjelpt meg til retten min. Han har høyrt bøna mi og gjeve meg ein son!» Difor kalla ho han Dan.