40 Jakob skilde ut sauene, og han lét småfeet venda hovudet mot dei stripete og mørke dyra i buskapen til Laban. Slik skaffa han seg eigne flokkar som han ikkje sleppte saman med småfeet til Laban.
41 Kvar gong det var sterke dyr som para seg, sette Jakob kjeppar i vasstraua, rett framfor auga på dei, for at dei skulle para seg ved kjeppane.
42 Men var det veike dyr, gjorde han det ikkje. På den måten fekk Laban dei veike dyra, men Jakob fekk dei sterke.
43 Og mannen vart svært rik. Han fekk småfe i mengder, slavekvinner og slavar, kamelar og esel.