16 For all den rikdomen Gud har teke frå far vår, høyrer oss og borna våre til. Gjer no berre alt det Gud seier du skal gjera!»
17 Så gjorde Jakob seg ferdig og sette konene og borna sine opp på kamelane.
18 Han førte med seg heile buskapen sin, den han hadde skaffa seg i Paddan-Aram, og alle eigedelane han hadde samla. Han ville dra til Isak, far sin, i landet Kanaan.
19 Laban var borte for å klippa sauene sine. Då stal Rakel terafane til faren.
20 Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje noko om at han ville rømma.
21 Så rømde han med alt det han åtte. Han braut opp, sette over elva og tok leia mot Gilead-fjellet.
22 Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.